mandag 10. september 2007

Valkamp og reklame

Valkamp vil få oss til å røyste på deiras parti, og seier alle slags moglege gode ting for å få fram kor fantastisk akkurat deiras parti er, dei sel partiet sitt med å få fram alt det gode med det. Ein reklame vil og at me skal velja dei, eller kjøpa deira produkt. Likskapen er altså at begge vil at me skal velja dei og deira produkt. Ulikskap kan vera at ein reklame har eit produkt, og vil få frem produktet, ved å framstilla produktet på best mogleg måte. Det same vil dei og gjera i ein valkamp, men der er det fleire ting, og i ein reklame skal det fokuserast på ein ting.

Ting eg skal arbeida med når det gjeld norsk framføring

God dag. Nå har alle i klassen hatt framføring om eit tildelt parti, eg blei tildelt Venstre. Eg tok ikkje denne framføringa så altfor seriøst, så det blei heller ei slakk framføring. Ein stor ting eg må forbedra er at eg må vera mykje meir forberedt og vite meir om ting og tang rundt det eg skal framføra. Eg kan kanskje verta mindre avhenging av ark og.